Hellesnesevise meldinger

Wednesday, August 30, 2006

"Vi er våre egne sjefer"

Sist laurdag trykte Klassekampen ein lengre artikkel med tittelen "Å selge seg selv". Temaet var endringar i arbeidslivet. Artikkelen tok for seg dei sosiale endringane som har skjedd i måten vi forheld oss til arbeid og fritid på. Journalist Marte Stubberød Eielsen nyttar især ein sosialantropolog og arbeidslivsforskar ved namn Hans Christian Sørhaug som sanningsvitne. Sørhaug seier mykje som er interessant, og verdt å diskutera. I denne omgangen skal eg henga meg opp i KVEN det er Sørhaug (og Eielsen) pratar om, når dei diskuterer arbeidslivet. Her er nokre utvalde sitat frå hr. Sørhaug:

"I dag har mange arbeidstakere fått mer innflytelse over egen arbeidssituasjon og mer ansvar. (...) Vi selger nemlig ikke lenger et stykke tid, vi selger oss selv. (...) Arbeidet er blitt et personlig frigjøringsprosjekt der vi kanskje kan si at alle er en slags kapitalister. Den nye kapitalen er kunnskap - og en god porsjon trynefaktor. (...) vi er våre egne sjefer - og dermed våre egne utbyttere."

No skal eg vera den første til å innrømma at dette heilt klart er relevant for ein del folk. I somme yrkesgrupper HAR det blitt eit meir flytande tilhøve mellom arbeidstid og fritid, og ein sel på mange måter seg sjølv. Men kor mange pratar vi om eigentleg?

For eg tek meg sjølv i å spørra: Gjeld dette industriarbeidarar, t.d.? Kva med hjelpepleiarar eller folk som står i kassa på RIMI? Enn handverkarar eller bønder? Fiskarar? Barnehagearbeidarar eller lærarar? Langtransportsjåførar? Eg trur at dei utviklingstrekka Sørhaug (of Eielsen) trekk fram berre unntaksvis er særleg relevant for desse gruppene. Men dei eg no har ramsa opp, og tilsvarande grupper av arbeidarar er jo FLEIRTALET av alle som har lønna arbeid i Noreg. Berre gruppa "industriarbeidarar" rommer omlag 140.000 folk. Tilsette i varehandel er kanskje 300.000. Osb. For mange av desse er røyndomen prega av meir press, og sterkare kontroll over tidsbruken, mindre fridom. "Fleksibiliteten" i desse gruppene er i stor grad arbeidskjøparane sitt krav om at du må vera "fleksibel" til å stilla når DEI vil det, og til dei vilkåra dei tilbyr. I liten grad har det gitt meir fridom til å definera eigen kvardag.

Snarare vil eg hevda at "vi"et i utsagna til Sørhaug gjengjeve over er eit ganske LITE "vi". Det vi pratar om er folk som jobbar i ymse kreative yrke - middelklassen sine ulike kulturprodusentar og organisasjonsmenneske. For all del - vilkåra for folk i desse sjikta er interessante. Men eg trur ein skal leita lenge for å finna andre sjikt i samfunnet som i så stor grad seier "vi", når dei stort sett pratar om seg sjølve...

Monday, August 28, 2006

Rommet til venstre for regjeringa?

Ulike venstre-SV-bloggarar har i nokre månader kritisert RV og RU sin strategi for å vera reint spekkhoggeri. Sist ute er Ingvar Skjerve, tidlegare sentralist i SU og ellers aktiv venstrist, som avvisar tesen om "politisk rom til venstre for SV" som radikalistisk dagdrøymeri. Er det det?

Dersom Skjerve skal ha rett, så er folket i Noreg som politisk siv, fullstendig prisgitt den politiske debattens stormkast. Som han seier det:
"Dersom Kristin H. gjør en god TV-opptreden, SV profilerer seg godt på en sak el. kan det være nok for noen til at de synes at det kan være OK å stemme SV. Poenget; det vi kaller venstresida er ikke en fast størrelse. "Rommet til venstre" er i beste fall et dårlig og misvisende språklig bilde."

Mon det. Etter mitt syn så kan det godt finnes politiske stemningsbølger, som kan senda parti opp og ned på skalaen. Men under ligg det meir langsiktige politiske trender, som heng saman med dei grunnleggande samfunnsmessige konfliktane. Klassekampen, kort sagt.

Meir konkret så meiner eg det fins ein betydeleg minoritet i Noreg som har omtrent dette ståstedet:
- Mot imperialistisk krig av ymse slag
- Mot kutt i velferd
- For liberal flyktningepolitikk
- For miljøvern
- Mot privatisering
- For nasjonalt sjølvstende (EU!)
...osb. Det er dette som er det "politiske rommet". Det strategien om "rommet til venstre for SV" handlar om er nettop dette: Avstanden mellom arbeidarane sin slumrande radikalisme på den eine sida, og kva som er mogleg for ei pro-kapitalistisk regjering å gjera i praksis. Tesen er at det vil vera ein del folk som opplever at regjeringa (inklusive SV!) ikkje innfrir dei politiske forventingane dei har, og dermed potensielt kan tenkast å støtta andre alternativ.

I november 2005 skreiv eg eit utkast til ei intern fråsegn om RV sin strategi, som eg skal gjengi lengre ned, men før eg gir ordet til meg sjølv anno 2005, eit lite hjartesukk: Raddis-SVarar hevdar at vi i RV ikkje gjer anna enn å kritisera SV i eitt og alt, og "avsløra" SV som svikarar. Eg syns det smakar sjølvmedlidande haldning av slikt. Underteikna, og mange andre RVarar framhevar gong på gong motsettingane vi veit fins i SV, og skryt (til tidar kanskje for mykje) av venstresida i SV (for døme, sjå forrige bloginnlegg av meg). Men skal vi dermed drita i kva som er realiteten i regjeringa (og SV!) sin politikk? Skal vi halda kjeft når regjeringa opnar Barentshavet for oljeboring, når dei tviheld på handlingsregelen og det magiske 2004-skattenivået, eller når dei kastar ut folk til Afghanistan eller Somalia?

Nok om det, her er kva underteikna tenkte i november 2005 om strategi for RV:

Dei komande fire åra vil representera den største politiske sjansen RV har hatt så langt i vår historie. Det er både pragmatiske, politiske grunnar og systemiske grunnar til det.

Dei politiske grunnane heng saman med SV sin posisjon. SV har så langt, siden RV datt ut av tinget i 1997 vore representanten for venstreopposisjonen på Stortinget. No går dei frå opposisjon til posisjon. Ettersom dei sitt i regjering med to parti som ligg til høgre for dei politisk, vil det sjølv i best tenkjelege scenario vera naudsynt for dei å inngå, og forsvara, kompromiss som ligg til høgre for deira eigen politikk. Dette vert sjølvsagt forsterka av at SV-leiinga, og ikkje minst deira folk i regjeringa og Stortingsgruppa, er dominert av høgresida i partiet. Det vil vera eit sterkt press i SV for å vera med og legitimera og forsvara den politiske kursen til regjeringa. Dette vil de facto flytta SV fleire skritt politisk til høgre, ikkje minst siden dei er utan venstreopposisjon på tinget.

Dei systemiske grunnane heng saman med at dette er ei regjering som frå starten av har vorte samde om å regjera på grunnlag av NATO, WTO og EØS. Dette vil legga såpass sterke føringar på kva for sosial- og økonomisk politikk som vert mogleg å føra, at regjeringa berre unntaksvis vil kunne stå for nokon form for venstrekurs. Snarare vil politikken få karakter av marknadsliberalisme i saktare tempo.

Det potensielle politiske rommet for RV vil derfor vera stort, og sjansen til at RV vil kunne veksa og vinna større oppslutting i takt med SV si høgredreiing og desillusjonering, godt til stede. Men det vil vera feil å forveksla potensiale med resultat.

På visse politiske felt har RV politisk styrke, i form av at vi for det første har relativt godt utbygd politikk, og for det andre har vore ein del profilert på feltet offentleg. Som døme kan vi nevna kommuneøkonomien, miljøspørsmål, antikrigsarbeid, og pensjonskamp.

Regjeringa vil innfri forventingane i høgst ulik grad på ulike felt. Både innafor miljøpolitikken, kommuneøkonomien, utanrikspolitikken, landbrukspolitikken, likestilling og utdanningspolitikken er det grunn til å forventa at Stoltenberg II-regjeringa vil koma til kort samanlikna med forventningane folk har.

Kjerna til ein politisk strategi for RV under den nye regjeringa ligg i krysningspunktet mellom våre eigne politiske styrker, og regjeringas svake punkt. Målet må vera å få etablert RV som den naturlege venstreopposisjonen på desse felta. Det må vera oss som kjem med dei alternative forslaga, og den radikale kritikken av regjeringa, og som vert politiske premissleverandørar for den utanomparlamentariske opposisjonen.

Dette krev kompetanseheving i organisasjonen på viktige politiske område nasjonalt, og ikkje minst planmessig, langsiktig arbeid.

Sunday, August 27, 2006

Halvorsen to the rescue....

Dei som har fulgt med, veit at det er sterk strid om regjeringa sin utkastings-, orsak, flyktningepolitikk. Dei fleste har sikkert fått med seg føljetongen om dei afghanske asylsøkarane. Etter sveltestreiken vart avslutta, forventa mange ei kursendring frå styresmaktene - i det minste skulle ingen som ikkje er direkte frå Kabul kastas ut, og afghanarane skulle få sjanse til at NOAS eller Flyktningehjelpen kunne sjå på sakene deira. Så har ikkje skjedd. Fleire afghanarar som ikkje har tilknytting til Kabul har blitt kasta ut, og ved fleire høve har t.d. NOAS bedt om at utkastingane skulle settast på vent til dei fekk sett på sakene, utan den minste effekt.

Så kom saka om somaliarane, som blir kasta ut til eit område norsk politi ikkje tør eskortera dei til.

Det var ikkje anna å forventa enn at dette måtte bli ei nøtt for SV. Slik eg kjenner partiet, er det samansett av mange folk som sterkt ønskjer ein meir human og liberal flyktningepolitikk, og inneheld mange som sjølve har vore aktive i solidaritetsarbeid med flyktningar. Det har då også lenge vore murring, og no i helga toppa det seg: På landsstyremøtet ville mange koma med ei fråsegn som i krasse ordelag kritiserte regjeringa generelt, og Bjarne Håkon Hanssen spesielt. Sentralstyremedlem Ingrid Fiskaa var høgt oppe på banen:
"Regjeringa er syk. Bjarne Håkon er bare symptomet på den sykdommen. Sykdommen er at Ap tror de kan bekjempe Frp med Frp-politikk."

Kristin Halvorsen måtte tråkka til, og (i følge Aftenposten) bruka "heile sin autoritet" for å hindra den opprørske fråsegna. Enden på visa var at 22 røysta for ei alternativ fråsegn, som ikkje inneheldt konkret kritikk av Hanssen, medan 7 røysta for den foreslåtte, kritiske fråsegna. Det er synd, og det føyer seg inn i eit mønster, der meiningane til radikale SVarar vert sensurert av omsyn til regjeringskollegene, medan praksisen til reaksjonære Ap-folk får halda fram ufortrødent.

Saka er at det er Ingrid Fiskaa som har rett her, ikkje Halvorsen. Kva skadar regjeringa mest - at SVarar sett ord på sin kritikk av regjeringa sin politikk, eller at regjeringa fører høgreorientert flyktningepolitikk?

Friday, August 18, 2006

Ondets rot

Det lar seg ikke gjøre å ha en rasjonell diskusjon om konflikten i midt-østen om man ikke erkjenner at opprettelsen av staten Israel var et politisk og moralsk feilgrep. Det oppsiktsvekkende med debatten er at et slikt utsagn, som er innlysende dersom man tar sakens realiteter i betraktning, gjør at man risikerer politisk pariastatus, i Norge så vel som internasjonalt. Dette sier mye om det gjengse debattklimaet i dette spørsmålet.

La oss derfor se på det historiske utgangspunktet for konflikten. De grunnleggende fakta i saken er det etter det jeg vet ikke seriøs debatt om. Fram til starten av 1900-tallet utgjorde jødene i Palestina et forsvinnende lite mindretall. Den sionistiske bevegelsen førte til økt jødisk innvandring til området, samtidig som man kjøpte opp landeiendommer, for å legge grunnlaget for en framtidig jødisk statsdannelse. Til tross for denne utviklinga var det overveldende palestinsk-arabisk flertall i hele området også når vi skrur klokka fram til 1947: Jeg har sett ulike anslag, men det er heva over tvil at palestinerne utgjorde minst 80% av folket, og eide minst 85% av all jord i området. FNs delingsplan fra 1947 så fullstendig bort fra disse realitetene, og ga 55% til jødene, og 45% til palestinerne.

Det kan sies veldig enkelt: Opprettinga av en ”jødisk stat” med jødisk folkeflertall i et område der palestinerne var flertallet av befolkningen kunne bare gjennomføres ved hjelp av etnisk rensing. Opprettinga av staten Israel kan derfor bare forsvares moralsk og politisk dersom man mener det i visse tilfeller er riktig med etnisk rensing. Dette er en tanke jeg vil tro de aller fleste betakker seg for.

Vi kjenner den seinere historia: Hverken den palestinske befolkningen eller de arabiske nabostatene godtok FNs delingsplan. Ville vi gjort noe annet, gitt en slik situasjon? Da som nå vant israelerne krigen, og satt igjen med ikke bare de 55% FN generøst hadde tildelt dem, men hele 78% av landet. Den som senere blir bestyrtet over at dette historiske overgrepet avlet både sivil og militær palestinsk motstand, må i bunn og grunn mene at palestinere ikke er bygd på samme måte som oss. Dette er en rasistisk tanke, som jeg betviler at særlig mange vil forsvare.

Det er også kjent at staten Israel siden sin begynnelse i 1948 konsekvent har nektet de palestinske flyktningene å vende hjem til landområdene de ble fordrevet fra. Grunnen til denne folkerettsstridige politikken fra Israels side er også viden kjent, for den som gidder sette seg inn i iraelsk politikk: En aksept for flyktningenes hjemvendelse ville ført til at palestinerne ble i flertall innafor Israels grenser. Dette anses som så uhyrlig av israelske politikere at de til og med hevder at kravet om flyktningenes rettigheter er, i praksis, antisemittisk, siden det ville fjerne mulighetene for en ”jødisk stat”.

Staten Israel ble opprettet på – i beste fall – en illusjon: At man kunne gi jødene et hjemland uten at dette gikk på bekostning av andre. Realiteten er at selve ideen om et jødisk hjemland i et område der flertallet ikke er jøder, må skape konflikt. Mennesker er ganske like, jorda over. Ingen av oss liker å bli jagd vekk fra hjemmet vårt. Palestinerne er ikke annerledes.

Og problemet stopper ikke med fordrivinga av palestinerne i 1948. Siden det ligger som premiss for den sionistiske statsdannelsen at den skal ha ”jødisk karakter”, blir all utvikling som kan true den jødiske majoriteten et problem. I Israel snakker man åpent om den ”demografiske bomben”. Denne ”bomben” består i at den palestinske befolkningen internt i Israel vokser mye raskere enn den jødiske. På sikt vil dermed jødene kunne komme i mindretall.

Dette er kjernen i konflikten: Ideen om en jødisk stat i Palestina er en kolonialistisk idé, som med nødvendighet må bygge på etnisk rensing – det finnes ingen andre måter man kan sikre det jødiske flertallet. Denne idéen må derfor forlates om det skal kunne bli fred.

Man må altså erkjenne at opprettelsen av Israel var en feil, om man skal ha den minste mulighet til å forstå konflikten i dag. Men hva betyr det i dag? Det kan ikke bety at alle israelere må kastes ut av Palestina. En stor del – kanskje flertallet – av Israels befolkning har aldri bodd i noe annet land, og har dermed en selvsagt rett til å ikke bli fordrevet. Men deres rett til å bo der kan ikke veie tyngre enn retten til palestinerne til å bo der – begge gruppers rettigheter må tilgodeses i en rettferdig løsning.

Den eneste løsningen er derfor at man får stablet på beina en vanlig, demokratisk stat, med like rettigheter for alle, uavhengig av etnisk eller religiøs tilhørighet. Man må gå fra å ha det Israel Nils Butenschøn så treffende har kalt et ”etnokrati”, til å ha et reelt demokrati. Denne staten må selvsagt ønske de palestinske flyktningene velkommen hjem.

Dette vil ikke være et frihetens og lykkens rike – det vil fortsatt finnes en rekke problemer og konflikter. Men selve muligheten for en fredelig utvikling vil være til stede.

Wednesday, August 16, 2006

Den defensive Holmås

Heikki Holmås, SVs finanspolitiker på tinget synes Fagforbundets leder Jan Davidsen er defensiv når han går inn for økt bruk av oljepenger for å innfri Soria Moria-løftene, og dermed holde Frp fra døra. ”Vi skal bruke mye oljepenger, men vi gjør det fordi det er riktig, ikke for å stanse Frp”, sier Holmås til Klassekampen. Det høres jo riktig bra ut. Aner vi at SVs finanspolitiker skal åpne for den økte satsinga på offentlig sektor velferds-norge roper etter?

Svaret gir han raskt: Det kommer ikke på tale å øke skattene ut over 2004-nivå, og handlingsregelen skal overholdes. Ja, han går lengre enn som så: Kristin Halvorsens forgjenger Per-Kristian Foss får på pukkelen: ”Foss brukte svært mye mer oljepenger enn realavkastingen. Vår politikk er å komme tilbake til fire prosent-sporet.” SVs nye linje er altså å kritisere Høyre for å ha ført en for ekspansiv budsjettpolitikk. Friskt.

Det fascinerende med hele saken er hvordan Holmås, som er den som ikke vil bruke mer penger, klarer å framstille Davidsen, som faktisk VIL ha økt satsing, som den ”defensive”. Et retorisk grep vi vanlige dødelige kan bli lett svimmel av – men som KKs Anders Horn tar på strak arm.

Jeg sitter igjen med ett spørsmål: Finnes det noen finanspolitikere i regjeringspartiene (med unntak av Per Olaf Lundteigen) som ønsker å føre en sosialistisk, eller i det minste sosialdemokratisk økonomisk politikk?

Friday, August 04, 2006

Hvem sin lønnsnemnd?

Dette innlegget sto på trykk i en nedkorta versjon i Ny Tid som kom i dag:

19. juni i år var Kristin Halvorsen svært irritert. Målet for irritasjonen var Finansnæringens Arbeidsgiverforening, som ifølge Halvorsen ”spekulerte klart i tvungen lønnsnemnd” da de iverksatte lockout av 16.500 bankansatte. Det er all grunn til å tro at Halvorsen har rett – FA håpte nok, med rette, at regjeringa ville gripe inn og stanse bankkonflikten. Spørsmålet er derfor ikke hva som var FA sine motiver, men hvorfor de skulle ønske statlig inngripen i en arbeidskonflikt? Hva er det som gjør at en tvungen lønnsnemnd er til fordel for arbeidsgiverne, og ikke arbeiderne?

”Tvungen lønnsnemnd” er nok for mange en litt mystisk prosess – det vi vet er at det betyr at regjeringa påtvinger partene i en arbeidskonflikt en løsning, og at dette er noe fagbevegelsen stort sett er ganske misfornøyd med. Realiteten er ganske prosaisk: Tvungen lønnsnemnd betyr at det er Rikslønnsnemnda som avgjør utfallet av konflikten. Rikslønnsnemnda består av 7 til 9 medlemmer, og kjerna i nemnda er de fem medlemmene oppnevnt av Kongen, dvs. Regjeringa. De sitter der for 3 år av gangen, og skal på papiret være ”nøytrale”.

Ideen om ”nøytralitet” ser på overflaten tilforlatelig ut – ei regjeringsoppnevnt nemnd som skal avgjøre arbeidskonflikter må først og fremst tenke på samfunnet som helhet, ikke følge ”særinteresser”, vil mange tenke. Problemet er at en slik nøytralitet er en illusjon. Streik og lockout er eksempler på de mest grunnleggende økonomiske konfliktene i samfunnet overhodet. Arbeiderne og arbeidsgiverne er låst i en direkte konflikt om disponeringa av de økonomiske ressursene. Går det virkelig an å påstå at den ene parten på ”nøytral” grunn representerer ”samfunnsinteressene” i større grad enn den andre? Vil ikke dette – som alle andre slike spørsmål – være et spørsmål om politiske prioriteringer?

Vi kan ta en parallell med høyesterett i USA. Oppgaven deres er å sørge for at lover og vedtak er i tråd med grunnloven. Dette skulle vel også være en ”nøytral” faglig oppgave – tilsynelatende. Men alle som har fulgt med i amerikansk politikk vet at høyesterett er en høyst politisk institusjon, og at utnevningene dit har potensielt enorme konsekvenser. I store samfunnskonflikter finnes ingen nøytral part – det er et politisk spørsmål hvor stor lønnsøkning, eller hva slags pensjonsrettigheter bankansatte eller andre fortjener.

Av en eller annen grunn har Rikslønnsnemnda aldri blitt oppfatta som en politisk institusjon. I stedet er vi vant til å ta for gitt at dersom en streik ender i tvungen lønnsnemnd, så er det til fordel for arbeidsgiverne. Rikslønnsnemndas tommelfingerregel synes å være at arbeidsgivernes interesser er identiske med samfunnets interesser – et sterkt politisk farga ståsted.

Dette er ikke minst et stort problem i dag, hvor streiker stadig oftere tolkes å ”ramme viktige samfunnsområder”. Dersom dagens situasjon fortsetter, kan de bankansatte i realiteten vinke farvel til streikeretten, og mange med dem. Det vi trenger er en situasjon der arbeidsgiverne ikke ser seg tjent med å spekulere i å provosere fram lønnsnemnd. Vi trenger altså en Rikslønnsnemnd som stort sett har arbeidernes ve og vel som sin prioritet, ikke arbeidsgiverne.

Fordelen, for Kristin Halvorsen og andre i regjeringa som er arge fordi arbeidsgivere spekulerer i tvungen lønnsnemnd, er at de kan få nettopp en slik lønnsnemnd fra og med neste år. Forrige gang nemnda ble nedsatt var i 2004, det vil si at den skal nedsettes på nytt 1. mars 2007. Om Halvorsen mener alvor med sin irritasjon, har hun en ypperlig sjanse nå: Gi idéen om den ”apolitiske” lønnsnemnda på båten, og velg folk som ville fått Finansnæringens Arbeidsgiverforening grunn til å tenke to ganger før de framprovoserte tvungen lønnsnemnd igjen. Det er ingen grunn til å tro at en Høyre-dominert regjering ikke ville gjort det samme med motsatt fortegn – de ville ha innsatt folk som var sympatisk innstilt til direktørene, ikke arbeiderne. Om regjeringa tar dette spørsmålet på alvor, kan de med et håndslag forbedre maktbalansen i arbeidslivet – til arbeidernes fordel. Det hadde jo ikke vært så dumt, for ei regjering bestående av partier som til og med har ”arbeider” i partinavnet.