Hellesnesevise meldinger

Monday, December 04, 2006

Statistikk-snadder II

Etter eit herleg avbrekk i eit regnvått og hustrig København var det dejligt å koma attende til eposten og sjå at min pusher hadde vore innom med nye varer til meg. I dag var utgåve fylt med mykje forbruksstatistikk og slikt, men å skriva nok ein kvasimoralistisk blog om den eksploderande julehandelen i gamlelandet gidd eg ikkje. Derimot tenkte eg å ta for meg eit anna julerelatert emne: Matproduksjon.

Det er ei kjent sak at jula er sjølve Tida for fråtsing. Som dei djupt inndoktrinerte protestantiske puritanistane vi alle er på botna er det ikkje rart at vi har ein lang tradisjon for å ta heil av ein gong i året, då det er "lov" å gjera det. Men kva treng ein for å fråtsa? Ein treng store mengder kjøtt og korn (og andre ting). Men kva skjer?

Den totale kornavlinga for 2006 er beregnet til 1,2 millioner tonn, en nedgang på 5 prosent fra året før. Samlet kornareal var 3,1 millioner dekar i 2006.


Ikkje berre det, men det går nedover med kyrne også:
Frå 2005 til 2006 gjekk talet på mjølkekyr ned frå 265 200 til 259 100, medan talet på ammekyr auka frå 55 400 til 58 800.


Dette held ikkje, kameratar! Om det held fram slik, vil det jo ikkje vera nok korn til øl, og ikkje nok kyr til store, saftige biffar! Fråtsinga vår står i fare!

For det er vel ingen som tenkjer at vi skal erstatta dette med korn og kjøtt frå andre delar av verda...?

1 Comments:

  • Det håper jeg da endelig ikke.
    Dersom rike storbøndene som driver jordbruk i u-land skal produsere luksusvarer for Vesten, som har råd til å betale en høyere pris, og ikke produsere for et fattig hjemmemarked, vil matvareprisene i u-landa gå opp.

    Vi har også sett eksempler hvor småbønder rett og slett blir jaget bort for å gi plass til for eksempel store kvegfarmer.

    Nei, støtt norske bønder.

    Håper jeg ikke pådro deg noen stor telefonregning. Du har jo viktigere ting å bruke penga på!

    By Anonymous Anonymous, at 9:08 AM  

Post a Comment

<< Home