Hellesnesevise meldinger

Wednesday, August 30, 2006

"Vi er våre egne sjefer"

Sist laurdag trykte Klassekampen ein lengre artikkel med tittelen "Å selge seg selv". Temaet var endringar i arbeidslivet. Artikkelen tok for seg dei sosiale endringane som har skjedd i måten vi forheld oss til arbeid og fritid på. Journalist Marte Stubberød Eielsen nyttar især ein sosialantropolog og arbeidslivsforskar ved namn Hans Christian Sørhaug som sanningsvitne. Sørhaug seier mykje som er interessant, og verdt å diskutera. I denne omgangen skal eg henga meg opp i KVEN det er Sørhaug (og Eielsen) pratar om, når dei diskuterer arbeidslivet. Her er nokre utvalde sitat frå hr. Sørhaug:

"I dag har mange arbeidstakere fått mer innflytelse over egen arbeidssituasjon og mer ansvar. (...) Vi selger nemlig ikke lenger et stykke tid, vi selger oss selv. (...) Arbeidet er blitt et personlig frigjøringsprosjekt der vi kanskje kan si at alle er en slags kapitalister. Den nye kapitalen er kunnskap - og en god porsjon trynefaktor. (...) vi er våre egne sjefer - og dermed våre egne utbyttere."

No skal eg vera den første til å innrømma at dette heilt klart er relevant for ein del folk. I somme yrkesgrupper HAR det blitt eit meir flytande tilhøve mellom arbeidstid og fritid, og ein sel på mange måter seg sjølv. Men kor mange pratar vi om eigentleg?

For eg tek meg sjølv i å spørra: Gjeld dette industriarbeidarar, t.d.? Kva med hjelpepleiarar eller folk som står i kassa på RIMI? Enn handverkarar eller bønder? Fiskarar? Barnehagearbeidarar eller lærarar? Langtransportsjåførar? Eg trur at dei utviklingstrekka Sørhaug (of Eielsen) trekk fram berre unntaksvis er særleg relevant for desse gruppene. Men dei eg no har ramsa opp, og tilsvarande grupper av arbeidarar er jo FLEIRTALET av alle som har lønna arbeid i Noreg. Berre gruppa "industriarbeidarar" rommer omlag 140.000 folk. Tilsette i varehandel er kanskje 300.000. Osb. For mange av desse er røyndomen prega av meir press, og sterkare kontroll over tidsbruken, mindre fridom. "Fleksibiliteten" i desse gruppene er i stor grad arbeidskjøparane sitt krav om at du må vera "fleksibel" til å stilla når DEI vil det, og til dei vilkåra dei tilbyr. I liten grad har det gitt meir fridom til å definera eigen kvardag.

Snarare vil eg hevda at "vi"et i utsagna til Sørhaug gjengjeve over er eit ganske LITE "vi". Det vi pratar om er folk som jobbar i ymse kreative yrke - middelklassen sine ulike kulturprodusentar og organisasjonsmenneske. For all del - vilkåra for folk i desse sjikta er interessante. Men eg trur ein skal leita lenge for å finna andre sjikt i samfunnet som i så stor grad seier "vi", når dei stort sett pratar om seg sjølve...

6 Comments:

  • Kjære vene.. Er det altså fortsatt noen som tror på disse greiene her? Nesten litt søtt. Trodde funky-bisniss, kunskap er den nye kapital og alt dette våset døde en stille død da IT-bobla sprakk, men den gang ei altså. Det var noe med historie og farse og sånn..

    By Blogger Sherwe, at 4:34 PM  

  • Glimrende innlegg Pål, håper du har sendt en kopi til kk..

    By Blogger Fjeldstad, at 12:14 AM  

  • ja, veldig bra! send til aviser!

    By Anonymous Anonymous, at 2:00 PM  

  • Ikke hør på Sherwe, Pål. Han er bare misunnelig. Jeg heier på deg!

    By Blogger Brage, at 3:13 PM  

  • Ikke hør på Brage, Pål. Han skjønner bare ikke at vi er enig. Jeg heier på deg.

    By Blogger Sherwe, at 11:49 AM  

  • Jeg tror du undervurderer hvordan kapitalismen er i ferd med å spise også sine barn. I USA er middelklassen i ferd med å bli skikkelig skvisa, og det i en vekstperiode. Les f.eks. Barbara Ehrenreichs oppfølger til "Nicle and Dimed" - "Bait and Switch" (som jeg forøvrig anmelder i neste nummer av "Utveier" (Du får det vel i postkassa? - Hvis ikke får du springe over gangen og true til deg et nummer av Frøydis.)

    Hva kan så årsaken til denne relativt nye skvisen være? Kan det være profittraten som er i ferd med å minke (http://www.omicronline.org/site/archives/00000167.shtml), eller er det andre mer tilfeldige variabler? Jeg bare spør.

    By Blogger Ronny K, at 10:39 AM  

Post a Comment

<< Home