Hellesnesevise meldinger

Sunday, August 27, 2006

Halvorsen to the rescue....

Dei som har fulgt med, veit at det er sterk strid om regjeringa sin utkastings-, orsak, flyktningepolitikk. Dei fleste har sikkert fått med seg føljetongen om dei afghanske asylsøkarane. Etter sveltestreiken vart avslutta, forventa mange ei kursendring frå styresmaktene - i det minste skulle ingen som ikkje er direkte frå Kabul kastas ut, og afghanarane skulle få sjanse til at NOAS eller Flyktningehjelpen kunne sjå på sakene deira. Så har ikkje skjedd. Fleire afghanarar som ikkje har tilknytting til Kabul har blitt kasta ut, og ved fleire høve har t.d. NOAS bedt om at utkastingane skulle settast på vent til dei fekk sett på sakene, utan den minste effekt.

Så kom saka om somaliarane, som blir kasta ut til eit område norsk politi ikkje tør eskortera dei til.

Det var ikkje anna å forventa enn at dette måtte bli ei nøtt for SV. Slik eg kjenner partiet, er det samansett av mange folk som sterkt ønskjer ein meir human og liberal flyktningepolitikk, og inneheld mange som sjølve har vore aktive i solidaritetsarbeid med flyktningar. Det har då også lenge vore murring, og no i helga toppa det seg: På landsstyremøtet ville mange koma med ei fråsegn som i krasse ordelag kritiserte regjeringa generelt, og Bjarne Håkon Hanssen spesielt. Sentralstyremedlem Ingrid Fiskaa var høgt oppe på banen:
"Regjeringa er syk. Bjarne Håkon er bare symptomet på den sykdommen. Sykdommen er at Ap tror de kan bekjempe Frp med Frp-politikk."

Kristin Halvorsen måtte tråkka til, og (i følge Aftenposten) bruka "heile sin autoritet" for å hindra den opprørske fråsegna. Enden på visa var at 22 røysta for ei alternativ fråsegn, som ikkje inneheldt konkret kritikk av Hanssen, medan 7 røysta for den foreslåtte, kritiske fråsegna. Det er synd, og det føyer seg inn i eit mønster, der meiningane til radikale SVarar vert sensurert av omsyn til regjeringskollegene, medan praksisen til reaksjonære Ap-folk får halda fram ufortrødent.

Saka er at det er Ingrid Fiskaa som har rett her, ikkje Halvorsen. Kva skadar regjeringa mest - at SVarar sett ord på sin kritikk av regjeringa sin politikk, eller at regjeringa fører høgreorientert flyktningepolitikk?

3 Comments:

  • Jeg kjenner ikke detaljene fra debatten i det aktuelle møtet.

    Men det er to forhold som er samtidig sanne, og som illustrerer det komliserte i situasjonen.

    a) Med untak av en reversering av reduksjonen i antallet kvoteflyktninger, så videreføres Erna Solbergs politikk (jfr. det du skriver).
    b) Det ville vært umulig for Kristin Halvorsen å leve med en uttalelse som fordømmer Hansen. Det vil bety svært mye uro i regjeringen, og kanskje en krise.

    Og her står saken og stanger.

    Men forhåpentligvis vil "støyen" i Landsstyret kunne føre til et bedre forhandlingsutgangspunkt for den nye utlendingsloven. Om IKKE håper jeg det kommer flere slike utspill fra Tina Åsgård (som fremmet uttalelsen), Ingrid Fiskå m.fl.

    PS
    Verdt å merke seg at de syv utelukkende var kvinner.

    By Anonymous Anonymous, at 9:56 PM  

  • "Verdt å merke seg at de syv utelukkende var kvinner."

    Jeg lurer jeg, på om "Anonymous" hadde syntes det var verdt å merke seg hvis de sju utelukkende hadde vært menn.

    By Anonymous Anonymous, at 10:08 PM  

  • Anonymus slår kuken i veggen og sier: Å, joda!

    By Anonymous Anonymous, at 11:06 AM  

Post a Comment

<< Home