Hellesnesevise meldinger

Monday, January 22, 2007

På veg mot Europa

Det har vore val i Serbia. Dei store vinnarane i valet var det sjåvinistiske partiet SRS, som kapra i alt 28,7% av røystene. SRS har som viktige saker motstand mot sjølvstende for Kosovo, og motstand mot krigsbrotsverkdomstolen i Haag, og er knytta til eks-president Milosevic.
Ikkje dei kulaste i klassen, med andre ord.

Det interessante i norsk kontekst med dette, som gjer at eg nyttar tid på å skriva om det, er kva for kommentarar som kjem til valet, m.a. frå Kongeriket Noreg sin stedlege representant, ambassadør Håkon Blankenborg. Til NRK seier han:
- Serbia går i retning Europa, men i lavt tempo

Dei meir surrealistisk anlagte kan jo sjå for seg ei kontinentalplateforskyving som gradvis flyttar Serbia nærare sentral-Europa. Men det er vel neppe geologi hr. Blankenborg uttalar seg om...

I staden føyer EU-tilhengar Blankenborg seg inn i den etter tida særs "normaliserte" tradisjonen å jamstilla "Europa" med "EU". Det er løgnaktig og tendensiøst, av den sjølvsagte grunn at ein ikkje er anti-europeisk, sjølv om ein er mot EU-medlemskap. Europa er, sist eg sjekka, framleis eit kontinent. EU er ein overnasjonal politisk konstruksjon.

Eg syns UD kunne utforma ein instruks som pålegg norske ambassadørar å seie i slike høve at "Serbia går i retning EU, men i lavt tempo".


4 Comments:

  • Ja, denne hersens nytalen.

    Som gode poststrukturalister, må den politiske analysen begynne med en analyse av språket.

    By Blogger Ronny K, at 2:04 PM  

  • Kan ikke det utsagnet også tolkes som at Serbia likner mer og mer på andre europeiske land økonomisk, politisk og kulturelt? Jeg leser det ikke som om det nødvendigvis MÅ bety EU-medlemsskap. Men det er kanskje bare jeg som er naiv.

    By Blogger Brage, at 1:09 AM  

  • Jepp, Brage, det er du som er naiv :-)

    By Blogger Pål Hellesnes, at 10:34 AM  

  • Les hele bloggen, ganske bra

    By Anonymous Anonymous, at 6:06 AM  

Post a Comment

<< Home