Hellesnesevise meldinger

Wednesday, December 06, 2006

Klassesamfunnet

Det har kome ein ny rapport frå "World Institute for Development Economic Research" om fordelinga av rikdom i verda. Tala er interessante:
  • 90% av all eigendom i verda er konsentrert i Nord-Amerika, Europa og nokre land i Asia (Japan og Australia)
  • Den fattigste halvdelen av verda eig omlag 1% av den samla rikdomen.
  • Dei rikaste 2% eig halvparten av all eigendom!
For alle som har bittelitt marxistisk ballast er ikkje dette oppsiktsvekkande, men tala vert ikkje mindre brutale av den grunn. På skulen har mange lært om dei brutale klassesamfunna i antikken, der det var enorm avstand mellom luksusen til dei rike og mektige og livet til slavene. Eg trur ein romersk senator ville ha kome grueleg til kort om ein samanliknar med dagens rike: Vi lever i det kanskje klaraste og drøyaste klassesamfunnet i verdshistoria.

Er det ikkje då bra å tenkje på at vi har politikarar som Lars Sponheim, som uttalar slikt som dette til Dagbladet?:
Jeg er småbruker med akademisk utdanning. Jeg er sønn av en tannlege som er vokst opp på det samme småbruket. Klassebetegnelse gir ingen mening for mitt liv eller dagens samfunn.

1 Comments:

  • Huff. Venstre er et av de verste partiene jeg vet om. De ikler seg en snill liberal miljøvennlig kappe i retorikken, og så fører de den mest knallharde høyrepolitikken i praksis.

    Problemet er at de narrer en del halvveis oppegående folk som synes høyre er for brutalt, og venstresida litt for skummel...

    Det er godt de har havna under sperregrensa igjen der de hører hjemme. Nå må vi bare få DNRP over.

    By Blogger Ronny K, at 9:16 PM  

Post a Comment

<< Home