Hellesnesevise meldinger

Tuesday, February 13, 2007

Norske spesialsoldatar på veg til Afghanistan - SV på veg ut av regjeringa?

Så har det skjedd: Regjeringa i Noreg har snudd, og sender 150 spesialsoldatar til Afghanistan. Det var ikkje godt nok for dei at Noreg allereie var flinkaste gut i NATO-klassen, med størst bidrag av alle, i forhald til folketalet. Det var ikkje godt nok at vi deltok med F-16-fly i fjor. Nei, vi stiller med eitt av dei skarpaste våpna i arsenalet: Norske spesialsoldatar, internasjonalt kjent for å vera særs dyktige (les: livsfarlege).

Borte er sigeren frå i fjor haust, då regjeringa til manges glede sa nei til meir militær oppbygging i Afghanistan. Og kvifor? Er det for at Jonas Gahr Støre ikkje skulle gå duknakka til møte med Storebror over dammen? Syns ministrene det gjer så inderleg vondt i sjela å få kjeft frå Erna Solberg og Siv Jensen? Eller var orda om at det som trengs er SIVIL oppbygging, ikkje meir kriging berre pisspreik? Partisekretær i SV, Edle Daasvand, forklarar det slik:
Presset fra så vel Nato som opposisjonen på Stortinget har vært stort mot regjeringen, og den har vurdert det slik at det var nødvendig å finne et kompromiss som kunne avklare situasjonen.


Det er jaggu lenge sidan eg har høyrt tynnare grunngiving for å selga seg. Kva skulle NATO eller "opposisjonen" (les: parti som er i mindretal på tinget og er usamde med regjeringa) ha gjort om regjeringa hadde hatt baller nok til å stå på det dei gjorde i haust? Blitt sinte? Sagt stygge ord? Å nei og nei, kva skulle skjedd om politiske motstandarar var misnøgde med det ein gjorde? Det ville jo ha vore KATASTROFE!

Heldigvis er det ikkje fare for det: Høgresida kan ikkje få rost regjeringa nok.

Så langt har det kome nokre reaksjonar frå SVarar: Reza Rezaee, Stian Oen og Morten Drægni er alle tøffe - dei seier at no må SV ut av regjeringa. Eg les at det var krisetelefonmøte i landsstyret til SV i går, men kva vil dei sentrale venstrefolka i SV gjera no? Eg ventar i spenning, og prisar meg lykkeleg over at eg ikkje er med i nett det partiet no...