Hellesnesevise meldinger

Friday, November 24, 2006

Statistikk-snadder

Dei som kjenner meg har sikkert lagt merke til at eg har utvikla ein ny nerdete side (i tillegg til dei eg allereie har...): Eg har fått ein pasjon for statistikk. Alt som kan samlast, kategoriserast og målast i form av tal i tabellar er gode greier, i alle fall når det kan bli brukt politisk. Derfor tenkte eg det var på tide å koma ut av skapet, og innrømma det opent:
Eg heiter Pål Hellesnes, og eg er ein statistikkoholikar!

Fordelen for slike som meg er at stoffet vi er avhengige av er massivt, og lett tilgjengeleg. Ikkje berre det, men vi har til og med offentleg tilbod for misbruket: Statistisk Sentralbyrå. SSB er som ein pusher med dårleg forretningssans:
- PSST! Vil du ha noko statistisk informasjon?
- Hmmm, kva kostar det?
- Ingenting!
- Første gongen nei, men du kjem sikkert til å flå meg etter kvart...
- Nei, her er alt gratis. Du skal slippa å koma til meg for det, eg kan senda deg det jamnleg i staden.
Det eg talar om er sjølvsagt "Statistikknyheter fra Statistisk sentralbyrå", ei deilig lita greie som ein kan få på epost om ein vil. Eg fekk nettopp ei ny utgåve.

Blant alle dei ulike sakene var det ein som vekte interesse:
"Byggearealstatistikk, 3. kvartal 2006
Flere nye fritidsbygninger

I løpet av årets første tre kvartaler er det igangsatt 429 000 kvadratmeter bruksareal til fritidseiendommer, en økning på 71 000 kvadratmeter, eller 19,8 prosent, sammenlignet med samme periode i fjor."

Så de det? 19,8% fleire "fritidseiendommer"! Dæven det er auke gitt. Til samanlikning kan SSB opplysa at boligbygginga har auka med 6,1%.
Her er nokre tankar som føyk gjennom hovudet mitt når eg så tala:
- Kven er alle desse som byggar hytter så det luktar svidd?
- Kvifor er det slik at bygging av fleire skular, barnehagar, jernbane eller sjukeheimar er umogleg av di det vil skapa utilbørleg press i økonomien, medan det er heilt greit med massiv bygging av hytter? (Eg kan legga til at næringsbygg også aukar, med 9,3%! Så kjøpesentre går også greit for økonomien)
- Kunne vi kanskje gjort noko med dette?

5 Comments:

  • Som slagordet mitt har vore dei siste fem åra:
    - Ein god statistikk forlengar livet :)

    By Anonymous Anonymous, at 1:51 PM  

  • Du er klar over at du kan abonnere på SSBs nyhetskanal med statistikk (via RSS)? Der kommer det inn fortløpende:)

    By Anonymous Anonymous, at 3:19 PM  

  • Jeg har alltid vært litt skeptisk til staistikk, fordi det er så lett å manipulere med. Et eksempel er Bill Clinton. Han hevda stolt i kongressen at kriminaliteten hadde gått ned under hans presidentskap. I virkeligheten hadde den bare økt mindre. Nedgang i økninga altså. Tallmagi. Skumle greier...

    By Blogger Brage, at 1:27 AM  

  • Tallmagi er gøy. Men det kjipe med SSB er at de aldri har det jeg ønsker meg av statestikk.

    By Blogger Fjeldstad, at 3:33 PM  

  • Jøss, Jokke, Kva for sære ønskjer har du?

    By Blogger Pål Hellesnes, at 11:37 AM  

Post a Comment

<< Home