Hellesnesevise meldinger

Monday, November 27, 2006

Kristent Konservativt Statsparti

Eg må innrømma at eg vart temmeleg irritert under frukosten i dag. No er det mange grunnar til å bli irritert - krigen i Afghanistan, den pinglete klimapolitikken til omtrent samtlege i vesten, eller at eg har gløymt å kjøpa inn kaffi. I dag var det politisk kvarter på NRK, der eg fekk opplyst at grasrota i Ap vil halda på statskyrkja.

Det er deprimerande å høyra. Ap-folket vil altså at vi skal halda på ein antikvert og menneskerettsstridig kobling mellom stat og religion, det skal vera oss og Iran liksom. Argumentasjonen til dei lokale Ap-folka gjer det ikkje betre:
"Takhøyden i kirken vil bli lavere dersom det kommer et helt eller delvis skille, og dette vil føre til at jeg vil døpe færre barn", seier Ap-mann og prest Knut Sand Bakken. Men ikkje å fortvila, presten kan forsikra oss om at det ikkje er noko problem med statleg religionstvang: "Det er religionsfrihet i dette landet i dag."

Nei, Bakken, det er faktisk ikkje religionsfridom når muslimar, buddhistar eller ateistar vert tvangsinnmeldt i ei kyrkje dei ikkje vil vera med i. Ta mi historie som døme: Eg er fødd av to ateistiske foreldre, begge utmelde av statskyrkja. Eg vart ikkje døpt, og har seinare konfirmert meg borgarleg, og vore med i Human-Etisk Forbund i mange år. Jamvel var eg altså registrert som medlem i Den Norske Kirke, fann eg ut då eg ringte dei for litt over eitt år sidan. Eg finn det avskyeleg å bli ufrivillig teke til inntekt for ein organisasjon eg ikkje delar syn med, spesielt sidan eg aldri har ytra noko ønskje om å vera med.

Det er ei kjent sak at folk i Noreg er mindre religiøse no enn for nokre tiår sidan, noko som speglar seg i synkande oppslutting kring gudstenesta i kyrkjene. Eg syns dette er ein ubetinga God Ting. Dess mindre folk bryr seg om kva som står i støvete gamle bøker, og meir om kva som faktisk skjer i den verda vi lever i, dess betre. For all del, om nokon ønskjer å tru at Gud skapte verda på 6 dagar, eller at dinosaurane vart utsletta av syndefloden, eller vil støtta ein gud som er glad i folkemord og syns kvinner og homsar er kjipe saker, så skal ikkje eg nekta dei det. Men dei skal for pokker ikkje gjera det i mitt namn, eller i namnet til den staten eg bur i!

Hadde vi gått over til at kyrkja vart som ein kva for helst annan medlemsforeining, ville nok medlemstalet stupt, og det grin ikkje eg over. Men ville så dette ført til ei meir konservativ kyrkje, der døra vart stengd for kvinner og homsar osb? Kanskje, det ville vel mest av alt vera avhengig av kva dei som var med i kyrkja meinte. Sånn er det med demokrati. Kanskje ville det ført til splittingar i kyrkja, kva veit eg?

Hovudpoenget er uansett at vi ikkje treng statskyrkja. Til noko som helst. La dei som er religiøse halda på med sine religiøse riter, eller laga organisasjonar som dei lyster. Men hald meg og oss andre trulause utanfor!

Eg vonar verkeleg at Ap-folket tek til vettet og skjønar at statskyrkja høyrer fortida til.

4 Comments:

  • *ping* Lagt til i bloggfilteret :)

    By Anonymous Anonymous, at 12:13 AM  

  • Med fare for å forvirre deg enda mer: Jeg er grunnleggende enig i at stat og kirke bør skilles.

    Ellers fant jeg en gammel blogg fra deg - som bare bekrefter hvor farlig ironi er... Måtte lage en strofe om det hos meg......

    By Blogger Kongen på Haugen, at 11:27 PM  

  • Det forvirrer meg ikkje at Høgre-folk er for skille mellom kyrkje og stat, noko anna skulle berre mangla frå folk som kallar seg liberalistar!

    For øvrig morosamt at ironien gjekk meg hus forbi då eg såg saka om "kioskløyve". Eg har to grunnar:
    1. Det er ikkje einaste gongen folk i Høgre har vore for å regulera marknaden
    2. Forslaget er slett ikkje dumt. Kiosknæringa er heilt på styr, og argumenta i det "ironiske" innlegget ditt held vatn...

    By Blogger Pål Hellesnes, at 10:33 AM  

  • billett til overs!? prøvde å varsle meg!?!?! fortell! fortell! jeg gir opptil flere kroppsdeler for billetten!!!!!

    By Anonymous Anonymous, at 9:31 PM  

Post a Comment

<< Home