Hellesnesevise meldinger

Monday, July 24, 2006

Hysteri av det Mosaiske Trussamfunnet

Som de skjønar har eg hatt sumarferie. No er nok ferien over, og vi er attende i politikken att. Dette innlegget sto på trykk i Vårt Land 22/7:


Vårt Land kan torsdag 20/7 melda at det Mosaiske Trussamfunnet oppfordrar jødar i Noreg til ikkje å gå med kippa, eller prata hebraisk høgt på gata. Det er ein merkeleg reaksjon, og heilt feil svar.

Rasistisk vald skal ein ta på alvor – folk som går til åtak på andre på grunnlag av etnisitet eller religiøs tilhøyre fortener straff, uansett kva for minoritet det dreier seg om. På same måte som det var urovekkande når karikaturstriden, og terroråtaka 11. september, førte til åtak mot muslimar, skal ein ikkje godta at jødar får liv og helse truga.

Men ein motverkar ikkje rasisme ved å gjera seg sjølv usynleg. Det ville ha vore like feil å oppmoda muslimar til å avstå frå å gå med hijab, eller la vera å prata arabisk, for å unngå rasistisk motivert vald, som det er å seia at jødar ikkje skal kunne nytta sine religiøse symbol.

I tillegg er det uheldig dersom det får festa seg ei oppfatting av at det er identitet mellom situasjonen i midt-austen, og Israels terror mot sivile palestinarar eller libanesarar, og norske jødar. Noko slikt er sjølvsagt sludder. Jødedomen er ein religion, med utøvarar med ulike meiningar og ståstad. Ein kan like lite halda alle norske jødar ansvarlege for Israelsk politikk som ein muslim på Tøyen kan haldast ansvarleg for al-qaida-aksjonar. Realiteten er at det er mange jødar som er sterkt kritiske til Israels politikk. Også innad i Israel er det ein minoritet (ganske liten, men jamvel reell) som ønskjer fridom for palestinarane og ein slutt på okkupasjon og terror.

Både for midtausten-konflikten og for situasjonen i Norge, er vi tente med å skilla jødedommen som religion frå det staten Israel til ein kvar tid foretek seg. Her vonar eg også DMT kan bidra positivt, ved å syna fram at jødar – stikk i strid med rasistiske stereotypiar – ikkje er ein einsarta gruppe, korkje politisk eller kulturelt. For oss som har vore aktive i solidaritetsarbeid for palestinarane har det alltid vore sjølvsagt å ta klårt avstand frå nazistiske og rasistiske grupper og personar som framstillar seg som våre venar. Antisemittisme har ingenting med palestina-solidaritet å gjera.

Eg kjenner sjølv folk med minoritetsbakgrunn som har vorte utsett for mobbing eller vald. Det har aldri falt meg inn å seia til desse at dei skal freista å bli meir som ”oss vanlege nordmenn” for å få slutt på sjikanen. I staden har eg stått saman med dei, for retten til å kle seg som ein vil, ha den religionen ein vil, og prata det språket ein vil, utan frykt for vald. Eg syns derfor at DMT kan revurdera lina si.

2 Comments:

  • bra innlegg, pål!

    By Anonymous Anonymous, at 3:06 PM  

  • Hør, hør!

    By Anonymous Anonymous, at 4:14 PM  

Post a Comment

<< Home