Hellesnesevise meldinger

Thursday, June 22, 2006

Patent på liv?

For eit par dagar sidan kunne regjeringa stolt meddela at dei gjekk inn for å endra patentreglane i WTO. Det dreier seg om det såkalla TRIPS-avtaleverket, det vil seie avtalen som omfattar regelverk for såkalla "intellektuell eigendom". Det regjeringa vil gjera, er at dei vil innføra ei opplysningsplikt i samband med patentsøknader som omfattar genetisk materiale, slik at dei som søker om patent må oppgi kva for område/land dei har henta genmaterialet og kunnskapen frå. Det er sjølvsagt nesten umogleg å vera usamd i at dette er ein god idé, og det er fint at regjeringa fremmer dette.

MEN: Det spørsmålet eg sitt att med er kvifor det i det heile teke skal vera lov å ta patent på genetisk materiale. Dette er jo som sikkert mange veit, eit kontroversielt emne i Noreg. SV har dette ståande i sitt arbeidsprogram:
"SV går imot forslag om å utvide patentrettigheter til å gjelde patent på liv."

Sp på sin side har dette i sitt program:
"Senterpartiet vil ikke gi adgang til å ta patent på liv, planter, dyr og mikroorganismer. Norsk patentlovgivning må skjerpes for å ivareta dette.

Eg syns derfor det hadde vore mykje tøffare om regjeringa rett og slett gjekk inn for å UNNTA genmateriale frå alle internasjonale patentregelverk, dvs. at det ikkje skal vera nokon internasjonal anerkjenning av "retten" til patent på genmateriale.

No går det an å innvenda at dette er ei ikkje-sak sidan vi gjennom EØS-avtalen allereie er påtvunge patent på liv. Men eg syns ikkje ei slik innvending held. For EØS-avtalen kan vi gå ut av, medan vi no pratar om frihandelsregelverket som skal vera gjeldande i heile verda, gjennom WTO-systemet.

Etter mitt syn er det komplett absurd at nokon skal kunne ta patent på levande organismer - arvematerialet vårt er ikkje ein vare som kan handlast og kjøpast!

0 Comments:

Post a Comment

<< Home