Kan regjeringa snus?
Forrige blogginnlegg frå mi side var prega av mismot, frustrasjon og sinne. Eg må innrømma at eg nok overreagerte ein smule, eventuelt trakk forhasta konklusjonar før saka er endeleg avgjort. Det er tydeleg at det er store rivningar internt i regjeringa, og ikkje minst lengre ned i regjeringspartia, om kva som skal vera Noreg si line andsynes Palestina. Og eg er i ferd med å øyna ei viss von om at fornuften kan sigra. Det kule påskeoppropet i Ap, SV og Sp var gledeleg å lesa, og har samla over 500 tillitsvalde i dei tre partia - ikkje dårleg! Støtta går høgast opp i SV (ikkje overraskande), men også mange Ap-folk har slengt seg på.
Spesielt glad vart eg då eg opna Klassekampen i dag og las Jo Stein Moen sin framifrå kronikk ("Om palestinsk støtte"). Moen skriv under som "nestleder i St.Hanshaugen Ap", og det let jo ikkje veldig imponerande. Då kan det vera greit å vita at Moen også er nestleiar i Nei til EU, tidlegare sentralstyremedlem i AUF, tidlegare politisk rådgiver i UD, og ein av dei næraste rådgivarane for Trond Giske. Ingen kven-som-helst med andre ord. Moen treff spikaren på hovudet:
"Foreløpig siste akt var en felles pressemelding der partilederne synes å være enige om at dette egentlig handler om forfallsdato på en regning, og ikke politikk eller politiske signaler. Gjør regjeringen noe som helst for å orientere omverdenen om hva som egentlig er gjeldende norsk politikk?
Mediene i utlandet fikk nemlig med seg den første versjonen - utenriksministerens - som sa at Norge fulgte EU og USA, og stoppet støtten"
Dette er kjerna i saka: Det held ikkje med interne, innenrikspolitisk motiverte "oppklaringar". Her må regjeringa reint faktisk uttala klart og tydeleg at det Jonas Gahr Støre sa IKKJE ER NORSK POLITIKK. Det er slik, og berre slik, at Noreg kan tre ut av utpressarane sine rekker. Vonleg kan påskeopproparane og andre få til dette - det vil tida vise.

2 Comments:
Det foregår en kamp om nordmenns (og andres) hoder akkurat nå. En intens propagandakrig. Da er det fint å se at informasjon som dette slipper igjennom til massemedia:
http://www.dagbladet.no/nyheter/2006/04/25/464407.html
Grundig, presist og velbegrunnet (i det minste til ei sports- og kjendisavis å være)
By Ronny K, at 12:43 PM
åh. jeg tenker hele tida snus som det trøndere m.fl putter under leppa
for en misvisende tittel!
By Anonymous, at 8:10 PM
Post a Comment
<< Home