Streik!
Medan vi ventar i spenning på at lærarane skal våkne opp og gå ut i streik mot det råtne forhandlingsresultatet med KS, kan solidariske folk retta augene mot ein annan type streik: Dei afghanske asylsøkarane sin sveltestreik.
Rett borti gata frå kontoret mitt har ein gjeng med afghanarar sett opp ein provisorisk teltleir, der dei sveltestreikar mot den norske regjeringa sine planar om å kasta dei, og 2000 andre afghanarar ut av landet. I alt er det over 100 afghanarar som nektar å ete i protest.
Regjeringa, med pølse-Hansen i spissen, argumenterer med at det er trygt for dei å reisa attende til Afghanistan. Eller i alle fall til hovudstaden Kabul. Alt er jo relativt, og samanlikna med situasjonen andre stader i Afghanistan, der det hersker regulær geriljakrig mellom ulike motstandsrørsler og USA og NATO sine styrker (deriblant Norge!), er jo Kabul "trygg". Samstundes er det slik at måndag 29/5 var det svære opptøyer i Kabul mot dei amerikanske styrkene, der minst sju mennesker blei drept. For å "ordna opp" innførte regjeringa portforbod, og utstasjonerte tanks og pansra køyretøy i gatene. Eg tek meg i å lure på om Bjarne Håkon Hansen ville sett på det som "trygt" å flytte til ein by der folk vert skote i opptøyer i gata, og det står tanks på gatehjørna. Eg har mine tvil...
Regjeringa sitt fikenblad i saka er at FN sin høykommisær for flyktningar (UNHCR) har sagt at Kabul er trygt. No kan ein for det første innvenda at det er jo lov å ha ei meining uavhengig av FN. Men for det andre, er det grunn til å tru at UNHCR ikkje naudsynleg er heilt til å stole på i desse vurderingane. Det er opplagt at om UNHCR hadde sagt at hovudtstaden i Afghanistan ikkje er trygg eller under regjeringa sin kontroll 4 år etter invasjonen i Afghanistan, ville det ha vore ein alvorleg skrape for USA, som var primus motor i krigen mot Afghanistan. Vidare kjemd et at UNHCR har endra seg dei siste åra. I følge flyktningeekspert Barbara Harrell-Bond har UNHCR gått frå å vera ein organisasjon for å verna flyktningar, til å bli ein veldedig organisasjon i løpet av 1990-talet og utover. Hennar oppsummering, når ho vert konfrontert med den norske regjeringa sin politikk i Klassekampen i dag, er enkel: "Stop the nonsense, la Afghanarane få bli."
Ved første augekast kan det sjå ut som om regjeringa og Hnsen berre er motivert av ideen om å stela røyster frå Frp ved å verta lik dei. Men ser vi nærare etter, får Hansen sine handlingar meir logikk: Den norske regjeringa har satsa tungt på Afghanistan, militært. Noreg har sendt den største og skarpast utrusta avdelinga vi nokon gong har hatt ute, til å delta i ISAF-styrken, som skal ta over meir og meir av ansvaret i Afghanistan frå USA. Det ligg altså betydeleg prestisje og symbolsk investering i at det går bra i Afghanistan. Om den norske regjeringa innrømmer kor ille det faktisk står til der, vil det underminera heile det norske engasjementet i Afghanistan. Og då kan ein ikkje la Afghanarane få bli, for det vil tyda på at rapportane som har kome om kor bra alt går i Afghanistan og Kabul, har vore ein smule optimistiske, for å seia det forsiktig. Problemet er at regjeringa sin argumentasjon bygger på ein løgn: At det er trygt for folk i Kabul.
(For øvrig kan ein jo spørra seg om det hadde vore riktig å senda folk attende sjølv om regjeringa hadde rett om situasjonen i Kabul. Om det var full geriljakrig i Vestfold og Hedmark ville vi kanskje ikkje sett på det som naturleg å senda folk til Oslo, sjølv om det der var tryggare?)
Det er hårreisande at vi vurderer å tvangsutsenda familier til ein krigssone. RV støttar dei sveltestreikande sin kamp for å få bli i landet. Det bør du gjera også.

4 Comments:
This comment has been removed by a blog administrator.
By Anonymous, at 7:07 PM
Fra UDs hjemmesider:
"Utenriksdepartementet fraråder reise til eller opphold i Afghanistan som ikke er strengt nødvendig."
By Anonymous, at 7:12 PM
Særlig trist er det når SV også går inn for hjemsendelse.
Jeg tror regjeringen gjør seg en isbjørntjeneste når den prøver å "demme opp" for Frp ved å føre Frp-politikk. - En slik politikk vil bare gjøre Frp mer legitime, og kjøre enda mer av befolkninga over mot høyre.
Nei, her må det føres venstrepolitikk (ikke partiet "venstre" selvsagt, men venstreSIDEpolitikk), det er bare slik vi kan demme opp for de høyreekstreme kreftene som er på frammarsj.
Skriver litt om det mot slutten her:
http://www.omicronline.org/site/archives/00000153.shtml
By Ronny K, at 9:28 AM
Takk for interessant informasjon
By Anonymous, at 3:06 AM
Post a Comment
<< Home