Hellesnesevise meldinger

Tuesday, April 04, 2006

Borgarskapet – Arbeidarklassen 2-0

Tariffoppgjer er noko av det kulaste som fins for sosialistiske nerdar som meg. Det er den tida i året då det faktisk er heilt legitimt å driva klassekamp, og der arbeidarane sine interesser klart og tydeleg vert satt opp mot kapitalistane sine. Andre kosar seg med RBK mot Real Madrid, eg kosar meg når LO står mot NHO.

I årets oppgjer står mykje på spel. Ein ting er dei opplagte tinga, som å få skikkeleg løn, og ikkje minst få gjort noko med kvinnelønna. Men utover det er det to prinsipielle spørsmål som kampen står om: Sosial dumping og AFP (Avtalefesta Pensjon). Dessverre kan det sjå ut som om kapitalistane har trekt det lengste strået i begge tilfella, denne gongen.

Kampen om AFP-ordninga er i realiteten ein slags omkamp om den store, stygge pensjonsreforma som eit fleirtal på Stortinget trumfa gjennom på udemokratisk vis rett før valet (og som dei ”raudgrøne” godtok i Soria Moria-erklæringa). Eit prinsipp som vart nedfelt i reforma er at dei pensjonsrettane du tener opp i arbeidstida di skal fordelast på kor lang tid du (antakelegvis) har som pensjonist – såkalla levealderjustering. Det tyder at om forventa levealder går opp med 1 år for deg, så skal du få litt mindre per år i pensjon – du skal nemleg få same totale sum. Kva har så dette med AFP å gjera? Jo, AFP er basert på at folk har tilkjempa seg retten til å gå av tidlegare enn den rekordhøge pensjonsalderen i Noreg. I staden for ved 67 år, kan ein gå av som AFP-pensjonist når ein er 62. Ei fin ordning for dei som er slitne etter ei lang yrkeskarriere, som hjelpepleiarar, bussjåførar eller liknande.

Men om pensjonen din skal fordelast over den perioden du er pensjonist, vil jo det føra til at ein får mindre i pensjon om ein går av ved 62 i staden for 67 år, især sidan ein ikkje lengre har den såkalla ”besteårsregelen” lengre, men ”alleårsregel”. Alternativet er at staten eller arbeidsgivarane betaler det det kostar ekstra. Når LO har stilt som vilkår for å akseptera pensjonsreforma at AFP-ordninga skal bestå uendra, er det m.a.o. i strid med heile intensjonen i reforma – nemleg å pressa folk til å jobba lengre. Derfor var det løfterikt når det vart varsla at folk var villige til å streika for AFP-ordninga.

Så kjem oppgjeret, og det ligg an til konfrontasjon. Det er då Staten, her representert ved Statsministeren, grip inn, og stiller seg på Kapitalen si side. Jens Stoltenberg skriv i eit brev til LO v/Gerd-Liv Valla følgande:

” En tilpasset AFP-modell må understøtte de målene som er satt for et nytt pensjonssystem, bl.a. slik at samlet årlig pensjon fra folketrygden og andre ordninger øker ved å fortsette i arbeid etter fylte 62 år.

(...)

Regjeringen vil da for sin del være innstilt på å fremme en proposisjon for Stortinget om videreføring av de særskilte skattefordelene til 1. januar 2010, samt å videreføre dagens regler for poengopptjening i samme periode.”

Kva tyder dette i praksis? Jo, det tyder at du får lågare pensjon om du vel å gå av som AFP-pensjonist ved 62 år, og at dette vil tre i kraft frå pensjonsreforma trer i kraft, dvs. 2010. M.a.o. er heile poenget med AFP vekke – du kan godt gå av etter at du har blitt 62 år, men då vert du fattigare. Arbeidarane må altså velga: Kvile etter eit langt arbeidsliv, eller penger. Det er Stoltenberg si line som vert avgjerande for korleis dette fungerer mellom ”partane i arbeidslivet”. Eg trur mange arbeidsfolk kjem til å verta steike forbanna når det kjem til at dei skal ta ut pensjon, og det viser seg at dei har blitt rana. For liksom å gni det inn at Jensemann er på parti med rikfolka, har han også lagt til denne passusen til slutt i brevet, som ”motytelse” for at regjeringa er så ”snille”:

” Regjeringen forutsetter samtidig at det gjennomføres et moderat lønnsoppgjør, med en lønnsvekst mer på linje med våre handelspartnere, slik at arbeidsplassene trygges.”

Hei, arbeidarklassen: Ikkje berre skal vi ta frå dykk pensjon med mindre de held dykk i jobb til de er minst 67 år, men i tillegg krev vi at de ikkje stiller skikkelege lønskrav. Helsing Jens Stoltenberg, leiar i Det Norske Arbeiderpartiet... (og resten av regjeringa!)

Så var det sosial dumping. Eit sentralt krav frå fagrørsla har vore at ein må få innsyn i kva for løns- og arbeidsvilkår som fins i ulike bransjer, så ein kan få det fram i lyset når arbeidskjøparane hyrer inn folk til luseløn eller på slavekontraktar. Informasjonstilgong er eit viktig våpen for dei som vil slåss for skikkelege løns- og arbeidsvilkår. Dette spissa seg til i oppgjeret i byggebransjen, der det har vore avdekt mange tilfelle av sosial dumping. Og det kunne sjå ut som om Fellesforbundet hadde vunne gjennom: Dei tillitsvalde skal no etter at partane vart samde, få innsyn i arbeidsavtalane, sjølvsagt anonymisert i tråd med personvernlova. Men så kjem vi til punkt 3.3 i meklingsmannen sitt kompromiss:

”Det er en forutsetning at de lønns- og arbeidsvilkår som bedriften blir bedt om å dokumentere er tilstrekkelig anonymisert og ikke strider mot lov. Virksomhetens behov, eksempelvis konkurransemessige forhold, kan tilsi at informasjon ikke bør gis videre. I slike tilfeller kan arbeidsgiver pålegge tillitsvalgte og eventuelle rådgivere taushetsplikt. Taushetsplikten gjelder også etter utløpet av vedkommendes mandatperiode. Det er ingen taushetsplikt i forhold til å gi informasjon videre til relevant offentlig myndighet.”

I klartekst: Arbeidskjøparane kan pålegga dei tillitsvalde å halda kjeft om informasjonen dei får, om det passar dei (”virksomhetens behov”), dvs. truleg alltid, når det er snakk om noko som er kritikkverdig. Ikkje berre det, men denne taushetsplikta gjeld også etter at dei har slutta som tillitsmenn, eller eventuelt slutta i jobben! Det einaste dei tillitsvalde kan gjera er å klaga til offentlege tilsyn. Det er jo greit nok, problemet er berre det at det ikkje er ulovleg å lønna folk dårleg, eller å gi dei dårlege arbeidsvilkår. Så lenge det du gjer er innafor norsk lov, så kan ikkje offentlege tilsyn gjera noko som helst. Som våpen mot sosial dumping er dette med andre ord verdilaust. Det er ikkje rart at kapitalistane gliser:

” - Jeg er godt fornøyd med forhandlingene som nå er sluttført med Fellesforbundet. Vi måtte gi oss på noen punkter, men har fått gjennomslag for det vi synes er viktigst, sier Norsk Industris administrerende direktør Stein Lier-Hansen”

Nokon vert triste og lei seg når Real Madrid bankar RBK. Sjølv vert eg trist og sint når borgarskapet tek grundig innersvingen på arbeidarklassen. Ekstra sint vert eg over at domaren (regjeringa) heilt tydeleg er partisk, og gir motstandarane våre gratismål.

Men dei skal vita dette: Vi kjem grusomt attende!

1 Comments:

  • Godt tala, Pål. Ikkje berre eg som haglar med metaforar :)

    By Anonymous Anonymous, at 3:26 PM  

Post a Comment

<< Home