Hellesnesevise meldinger

Friday, March 17, 2006

Stopp Terminator!


Nei, eg pratar IKKJE om denne karen...

Derimot meiner eg eit spesielt kjipt produkt av moderne genteknologi: "Terminator-gen". Konseptet er at ein byggar inn eit gen i kornsortar som gjer at du godt kan plante frø, og få kornaks som resultat, men frøa desse aksa produserer er sterile. Det vil si at dei ikkje sjølve er i stand til å bli nye plantar.

Dette må vera noko av det aller mest unyttige og skadelege eg nokon gong har vore borti. Sjølv for eit kapitalistisk system som ellers er bra på å utvikla saker og ting ingen har bruk for, er dette ein højdare. Den einaste "nytteeffekten" av slike sterile frø er at det tvinger bønder til å kontinuerleg kjøpa nye frø frå såkornselskap, i staden for å gjera det rasjonelle, nemleg å ta vare på litt av kornet etter haustinga, og nytta desse til å så neste avling.

Ein har altså klart å frambringa eit produkt som har som fremste eigenskap at det hemmar landbruksproduksjonen. Go capitalism!

No kan dette på ein måte kalla på latteren, men det er eit reelt politisk problem knytta til dette: Mange bønder i fattige land er avhengige av å kjøpa såkorn, og om FN sitt midlertidige moratorium på sal av terminatorfrø skulle bli oppheva, som m.a. frøgiganten Monsanto ivrer for, kan bønder i 3. verda risikera å bli lenka fast som frø-leilendingar til internasjonale biotek-gigantar. Det blir som jordbruks-narkotika: Har du først teke første dose, er du hekta, og blir avhengig av dealeren, som seinare kan skru opp prisen.

RV har slutta seg til ein internasjonal kampanje mot terminator-teknologien. Det vonar eg mange mange fleire gjer også.

"That terminator is out there. It can't be bargained with. It can't be reasoned with. It doesn't feel pity, or remorse, or fear. And it absolutely will not stop, ever, until you are dead."

1 Comments:

  • Monsanto burde forsåvidt tvangsnedlegges av hensyn til menneskeheten. Makan til røtent selskap skal du lete lenge etter. Det var vel Monsanto som stod bak Agent Orange...

    Fra wikipedias side om Monsanto:

    Since the mid-1990s, it has sued some 150 US farmers for patent infringement in connection with its GE seed. The usual claim involves violation of a technology agreement that prohibits farmers from saving seed from one season's crop to plant the next.

    In a high profile case in Canada, Monsanto Canada Inc. v. Schmeiser, which it won at the Supreme Court level, Monsanto sued an independent farmer, Percy Schmeiser, for patent infringement for growing genetically modified Roundup resistant canola.

    By Anonymous Anonymous, at 7:24 PM  

Post a Comment

<< Home