Hellesnesevise meldinger

Wednesday, March 15, 2006

Sa'adat er i live

Vel, så vart ikkje Ahmed Sa'adat drept i går likevel. Etter mange timar overga dei seg, og er i israelsk varetekt. Faren er sjølvsagt ikkje over, men det er jo sannsynleg at dei heller vil få han dømt i ein godt publisert rettssak, og så bure han inne for godt, i israelske fengsel.

Hykleriet til USA kjenner ingen grenser: Dei ber no "begge parter om å besinne seg", og påstår at det var palestinarane sin feil at USA trakk seg ut av fengselet, rett før Israel gjekk til åtak. Talsmannen for amerikansk UD, Sean McCormack, var til og med frekk nok til å si at "the Palestinians had been told repeatedly of concerns over the safety of U.S. and British monitors at Jericho prison". Med andre ord: Han legg skulda på palestinarane. Kven var det McCormack var redd for? Det har jo faktisk ikkje vore palestinarar som har gått til åtak på fengselet - dei einaste som har gjort det, er den israelske hæren, med tanks, bulldozere og apachehelikoptre.

Israel sin aksjon er nok eit klart brot på folkeretten, men også på Oslo-avtalen: Jeriko er sjølvstyrt, og den israelsk hæren har ingen adgang der. No er det lite pent å seia om Oslo-avtalen - han er lagd for å sikra israelsk dominans, og hindra ei reell palestinsk frigjering. Men jamvel syner jo dette åtaket at avtalen ikkje er verdt papiret han er skrive på, om Israel finn det for godt å bryta han.

Og kva meiner så Noreg? Ingenting, kan det sjå ut til. Dei har i alle fall ikkje kome med ein einaste kommentar så langt. Dei ventar vel på instruks frå over dammen, tenkjer eg...

0 Comments:

Post a Comment

<< Home