Hellesnesevise meldinger

Monday, March 06, 2006

Dei skitne arbeidarane

For ikkje så lenge sidan var eg på kino og så ”Gymnaslærer Pedersen”, bygd på boka av Dag Solstad. Eg skal ikkje her gå inn på ei grundig politisk analyse eller kritikk av han (Øy Moland! Den våpentreningsscena var vel ikkje heilt naudsynt eller?), men avgrensa meg til eitt konkret visuelt poeng.

Generelt er filmen briljant scenografisk og kostymemessig. Det er som vi er transportert attende til 70-talet. Det er riktige klede, riktig interiørdesign (for meg var det ei nostalgisk glede å sjå att tapetmønstra og stålampene), riktige bilar, riktig hårmote, ja rett og slett: Riktig utsjåande på filmen. Men ein ting skurra: Jan Klåstad, SuperProletaren.

Noko eg ikkje skjønte då eg las boka som 15-åring, men som framstår som veldig tydeleg no, er korleis alle dei sentrale karakterane i Solstad si bok (og dermed også filmen) er arketypar – Nina Skåtøy er borgardama som vart revolusjonær, Pedersen sjølv er den tvilande intellektuelle, Werner Ludal er den brennande revolusjonære som mistar trua. Og Jan Klåstad er den genuine arbeidaren. Korleis vert så Klåstad framstilt i filmen? Han er rufsete, for å seia det mildt: Langt, raggete hår, uflidd skjegg, slitte klede. Han ser ut som prototypen på ein 70-talsraddis. Men er det truverdig?

Eg trur det har skjedd ein av to ting her: Anten har ikkje Moland & co skjønt at Klåstad har denne symbolske funksjonen, eller så har dei latt seg forleda av sine eigne myter om korleis arbeidarklassen ser/såg ut. For Klåstad ser ikkje ut som ein ARBEIDAR. Han ser ut som ein STUDENTOPPRØRAR. Han ser ut som raddisslampen som luska rundt på universiteta og høgskulane. Mitt stalltips er at slik såg definitivt ikkje den norske arbeidarklassen ut på 1970-talet (og gjer det heller ikkje i dag). Er det noko som kjenneteiknar arbeidarklassen så er det at han er STREIT. Streit på grensa til det kjipe, vil sikkert mange si. Det er berre i middel- og overklassen det gir status å sjå uflidd ut, for der signaliserer det at ein ikkje bryr seg med materielle gode. Berre folk som sjølve er relativt vande med å ha nok av slike, syns det er eit poeng å signalisera nett det.

Men gjer det så mykje om Moland og gjengen har framstilt arbeidarklassen litt feil? I det store biletet, nei. Men det bidrar til å halda oppe myten om den skitne, uflidde og barbariske underklassen. Slik har middel- og overklassen alltid sett på dei lengre ned på samfunnsstigen enn seg sjølv. Ein skal ikkje undervurdera verdien av eit slikt nedlatande syn for å rettferdiggjera eigen dominerande stilling.

Sjølv har eg tenkt å freista å viska Klåstad frå filmen vekk frå netthinna, til fordel for slik eg alltid har sett han for meg: Streit kledd, kortklipt og anten glattbarbert eller med frisert skjegg.

2 Comments:

  • hm.. Kan det tenkes at du kanskje legger for dagen et noe firkanta syn på arbeiderklassen sjølv, hellesnes? Klassetilhørighet er ikke en _stil_, eller hur?
    Jeg er usjenert nok til å legge igjen min kommentar:
    http://gudbedre.blogspot.com/2006/02/akp-og-knulling.html

    By Blogger Elvis Bling Laden, at 3:44 AM  

  • Enig med kamerat Bling Laden. Trur nok at også i arbeiderklassen er det forskjell på folk. Jeg trur ikke helt på at ALLE arbeidere er "streite" eller legger vekt på å framstå som det.

    Men jeg trur nok heller ikke at Molands bilde av Klåstad er videre truverdig, hverken i utseende eller oppførsel.

    By Blogger Brage, at 12:52 PM  

Post a Comment

<< Home